International Web Community for Scandinavian Studies
henningsvaer+overaly.jpg

News

News from the world of Scandinavian Studies

Førsteamanuensis i nordisk litteraturvitskap

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) ved Universitetet i Bergen (UiB) er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i nordisk litteraturvitskap. LLE har om lag 60 vitskapleg tilsette, om lag 50 doktorgradskandidatar, stipendiatar og postdoktorar og 15 tilsette i tekniske og administrative stillingar.

Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, Norskkursa, språkvitskap og teatervitskap.

Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, Norskkursa, språkvitskap og teatervitskap. Av dei fast tilsette ved LLE arbeider for tida fire tilsette med nordisk litteraturvitskap. I tillegg kjem stipendiatar i disiplinen og tilsette i nærskylde disiplinar innanfor nordiske fag.

Instituttleiar Johan Myking per e-post johan.myking@uib.no eller tlf. 55 58 24 18 eller professor Eirik Vassenden (eirik.vassenden@uib.no eller tlf. 55 58 24 59).

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via link på denne sida «SØK STILLINGEN» Dette må følgje den elektroniske søknaden:

  1. CV

  2. Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular

  3. Informasjon om og dokumentasjon av pedagogisk innsats og kvalifikasjonar

  4. Informasjon om og dokumentasjon av administrativ røynsle og anna tidlegare verksemd

  5. Publikasjonsliste

  6. Inntil 5 vitskapelege arbeider

  7. Namn og kontaktinformasjon for tre referansepersonar

Den sakkunnige komiteen kan be om supplerande dokumentasjon.Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju og prøveforelesing.Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 1. mars 2018

Søknaden skal merkjast: 17/15626